TINE Rådgiving hadde stand i messehallen. Det vart mange gode diskusjonar med dyktige praktiserande veterinærar og samarbeidspartnarar. Landbruket er i ei rivande utvikling og det er heilt naudsynt for praktiserande veterinærar å halda seg oppdatert, slik at dei kan hjelpa bonden med å halda dei friske dyra friske og sikra optimal produksjon i større mjølkebesetningar.